Sandane Grand Prix 2008
Publisert 18. august 2008
17. august gjekk Sandane Grand Prix av stabelen med 48 påmelde kjøretøy. 5 av desse kom frå NMK sine medlemmer: Anfinn køyrde Chevrolet, Rune kom i den "nyaste" av Buick'ane, Frode køyrde Thunderbird, Arne Tempo Corvette og webmaster starta friskt med sin 1943 Norton 16H som endeleg skulle visast fram i "heimkommunen". Oppgåvene undervegs var til dels utruleg vanskelege og det står respekt av Arne som kom på 8.plass i poeng. Alle unnateke webmaster greidde å kome seg til mål med æra i behald. Norton'en hadde fått flunkande nye clutch-lameller veka før og dette vart sikkert for mykje for kjedet frå 1943. Ved post 1 var det berre å innsjå at slaget var tapt og parkere klenodiet i Odd Svendsen sin rikhaldige garasje. Takk til familien Masdal frå Førde som tok på ein litt skuffa haikar. Eg spaserte for øvrig i mål med skinnhjelm på hovudet og startnummeret rundt halsen.

Kameraet vart attgløymd, men eg tok nokre få bilete med mobiltelefonen. Fint om de andre sender meg fleire bilete!


Rune køyrde "Nye"-Buick'en


Anfinn under prosesjonen med sin 1949 Chevrolet


Arne sin Tempo Corvette 1963 vekte mange minne mellom tilskodarane


Her har Arne vunne 8.premien!



Underteikna gjekk i mål til fots. Takk til Rune for ein triveleg heimtur i Buick!