NMK 25 år!
Publisert 28. januar 2008

Frå jubileumsårsmøtet 4. november 2007
Søndag 4. november var det årsmøte og 25-årsjubileum for Nordfjord Motorhistoriske Klubb. 10 medlemmer møtte fram, mellom desse Anfinn Haugland og Per Bergheim som også var med på stiftingsmøtet 9. november 1982.


I tillegg til desse var Jarle Olsen, Oddbjørn Vikene, Ottar Øien, Per Haugen, Ernst Paulsen, Jon Arne Hjelle og Jon Sørpoll med på stiftinga. Klubben har som føremål å skape eit miljø mellom folk som vil restaurere og halde ved like gamle køyretøy. I jubileumsåret har klubben om lag 35 betalande medlemmer.

Aktivitetsnivået har vore varierande. På eit tidspunkt var vi redde heile klubben skulle gå i oppløysing seier Svein Strøm, avtroppande leiar for klubben. Då greip Reidar Sandvik, Anfinn Haugland og eg inn. No er heldigvis aktiviteten i klubben på veg oppatt og derfor vil eg trekke meg litt tilbake. No når Frode Naustdal overtar leiinga, har eg tenkt å vere ein slags vaktmeister for ”Saga”, verkstaden og klubblokalet vårt på Langeland.

Nordfjord Motorhistoriske klubb er ikkje så veldig synleg. Har de tenkt å gjere noko framstøyt her? Gamle køyretøy skal ikkje stå på stas, dei må vere å sjå etter vegane seier Knut B. Hjelle som oppmodar medlemmene om å bruke veteranane sine til og frå møta på Saga onsdagskveldane.

Kva planar har klubben for framtida? Vi vil gjerne ha fleire nye fjes inn i dette miljøet seier påtroppande leiar Frode Naustdal. Det er kjekt at ungdommar engasjerer seg og vi ser fram til å få mange fleire av desse inn i klubben vår. Nyvald styremedlem og sekretær Arne Hjelle Strand er leiar i Norsk Tempoungdom. Dette er ein klubb for ungdomar frå heile landet med interesse for ”blårøyk” og gamle Tempoar. Dessutan vil vi gjerne skipe til eit veteranløp til sommaren dersom vi kan kan stille med nok folk seier han.

Kva skal folk gjere dersom dei vil kome i kontakt med klubben? Då er det berre å kontakte meg eller stikke innom eit av onsdagsmøta våre på Saga på Langeland. Her treff du som regel folk frå klokka 17 og eitpar timar utover. I dette miljøet finn du folk som har greie på det meste innan kjøretøy. Har du ein 2- 3- eller 4-hjuling som er over 30 år, stygg eller fin, er du hjerteleg velkomen avsluttar Frode Naustdal.
 
Heimesida er på lufta!
Publisert 21. januar 2008

Nordfjord Motorhistoriske Klubb er på nettet med eigne heimesider! Enno er det meste under planlegging, men sidene skal fyllast opp etter kvart - og vi er i gang!
 
Interesserte kan kontakte klubbleiar Frode Naustdal på frodenaust@yahoo.no 

Webmaster og design:Nils Ola Strand nils.ola@frisurf.no