- nyhende frå veteranmiljøet på "Motorsaga"

Ny heimeside under oppbygging
Publisert 27. mars 2014

Den heimesida du ser no, har tent oss sidan 2008. Fem år har gått sidan dette og no er det på tide å lage ein ny nettstad som er enklare å oppdatere. I ein overgangsfase vil vi derfor ha to heimesider - den gamle som ikkje vert oppdatert - og den nye der vi etter kvart skal flytte over relevant informasjon. Vi vil likevel behalde den gamle sida, vi er ein historisk klubb og vi tek vare på historia vår!

Vevmeister vil prøve å gjere den nye nettstaden så teneleg som råd, men er heilt avhengig av tilbakemeldingar frå medlemmane. Derfor: Klikk på lenka, ta ein titt på den nye nettsida vår og send meg tilbakemeldingar til nils.ola.strand@gmail.com. Sidan den gamle sida ikkje vert oppdatert, er det lurt å lagre adressa til den nye sida i favorittane dine like godt først som sist ;-).

Klubben har og fått eiga epostadresse som eg sjekkar kvar einaste dag. Send klubbpost til: nordfjordmk@gmail.com
Med veteranhelsing Nils Ola

Årsmøte 22.02.14
Publisert 09.februar 2014
Den 22.02 kl 15. er det årsmøte, medlemmer har mottat innkalling.
Medlemsliste er oppdatert og det er lagt til noen bilder fra Sandane Grand Prix i webalbum
 

Nytt år og ny webansvarlig
Publisert 13. mars 2013

Vi har skrivd 2013 og vel så det, våren nærmer seg med stormskritt for de som har stått på i vinter for å bli klar til de første vårdagene.
Jeg (Jan Are Liseth) har tatt på meg oppgaven som webansvarlig og tar med stor takk i mot aktuelle saker, både lokale og internasjonale.

På årsmøtet var vi så heldige at Per Bergheim hadde med seg et stykke historie utlånt av Kåre Sandvik.
Dette er et avisutklipp fra fjordingen om Monte Carlo løpet i 1932 der en bil fra Stryn deltok!
Pdf filer ses her: Monte Carlo 1932

Bilde av den aktuelle bilen:

 

Sandane Grand Prix og nytt medlem!
Publisert 06. september 2012

I dag vil vi ønske Kurt Hjelle frå Myrold i Eid velkommen som nytt medlem i klubben vår! Kurt har ein Baby Blue 1973 Model Ford Mustang Convertible med deluxe interiør. Den er er utstyrt med 351 Cleveland 2 V motor og C6 automatkasse. Bilen er heilt original og har Martirapport med frå USA. Bilen har ikkje vore køyrt her i landet før Kurt kjøpte den i mai/juni 2009.
 
Leif Kåre var sjølvsagt på Sandane under veteranløpet der 26. august. Han har tatt bileta nedanfor. Takk skal du ha Leif!



 

Odd Bøe og lastebilen med knottgenerator
Publisert 22. august 2012

 

Denne filmen er publisert til minne om Odd Bøe som gjekk bort tidlegare i år. Odd budde på Faleide i Stryn og var den siste eg veit om som køyrde lastebil på vedgass med knottgenerator. Her får vi både sjå og høyre heile den kompliserte prosessen som bilistar måtte ty til under andre verdskrigen då vi mangla bensin. Dette er ein heilt unik dokumentasjon! Takk til Ole Anton Brekke i Stryn som tok opp denne filmen på eit par timar i 2006 og gav løyve til å publisere den!

Sandane Grand Prix
Publisert 16. august 2012
  Vil du vere med på det 19. veteranløpet på Sandane? Då må du ha doningen klar søndag 26. august! Løpet startar kl. 12:00 og som vanleg er det medlem Odd Svendsen som er primus motor i dette etter kvart legendariske arrangementet. Løpet er ein del av Sandanedagane. Du finn meir informasjon om Sandanedagane her.

 

Bilete: Odd Svendsen

Nytt medlem
Publisert 16. august 2012

Vi har gleda av å ynskje Frode Henden velkomen i klubben vår. Frode held hus på Kirkenær. Velkomen skal du vere, Frode!
 
Odd Bøe er gått bort
For ei tid tilbake mottok vi den triste meldinga om at klubbmedlem Odd Bøe frå Faleide var gått bort. Vi vil alltid minnast Odd og "knottebilen", lastebilen med knottgenerator.
Oversyn over gamle kjennemerke
Publisert 21. mars 2012

Digitalarkivet har gjort informasjon om gamle kjennemerke tilgjengeleg for alle. Informasjon om dei elste kjennemerka i Sogn og Fjordane finn du her, vil du sjekke kjennemerke i heile landet, finn du lenke til Bilboka 1930 her. Takk til Svein Strøm og Smieposten!
 
No eig vi Saga!
Publisert 21. mars 2012

Formann Leif melde gledestrålande 23. februar at no var alt i orden med overtakinga av tomta til Saga. Dette betyr at no eig vi ikkje berre huset, men også grunnen Saga står på. Gratulerer! Ei stor takk til dei som arbeidde med dette i fleire år før vi endeleg kom i mål! Denne fantastiske meldinga skulle sjølvsagt ha kome lenge før...
 
Velkomen til veteranåret 2012!
Publisert 27. januar 2012
Etter vevmeister si meining, starta dette året så ille som det kunne: Bilane i Saab-museet i Trollhättan vert selde på auksjon grunna konsernet sin konkurs like før jul i fjor.

Her vert det meste av historia til den ærverdige, gamle flyfabrikken spreidd for alle vindar, til og med "Ur-Saaben" frå 1946 med DKW-maskin under panseret - framleis i køyrbar stand. Ikkje minst er dette trist for lokalsamfunnet.

Av meir positive ting kan eg nemne at medlemslista no (om sider) skal vere korrekt. Ser du nofo feil så send meg ein epost!

 

Årsmøte 2011
Publisert 01. desember 2011

Det har vore årsmøte i Nordfjord Motorhistorisk Klubb. Vi kjem tilbake med informasjon om vedtak i dei ulike årsmøtesakene, men kan melde at det ikkje er endringar i styret for Saga eller klubbstyret. Dette siste styret tar seg av alt som vedrører drift og bruk av klubb-lokala våre, medan klubbstyret tar seg av alt anna. Arne har sendt oss bilete frå årsmøtet. Takk skal du ha!




 

Eidamessa 2011
Publisert 22. september 2011
Her kjem bilete frå NMK sine deltakande kjøretøy under Eidamessa. Leif melder at det var 5 bilar med på "laurdagscruiset". (Eg ser no berre 4, men...) Takk til fotograf Leif! Fjordabladet tok også bilete av dei parkerte doningane..


 

Sandane Grand Prix 2011
Publisert 22. august 2011
I alt 6 frå NMK var med på Sandane Grand Prix søndag. Det var Jarle Leite, Anfinn Haugland, Hans Inge Lien, Svein Nes, Knut Inge Bjørneset og Leif Refvik. Dagen opna bra, men desverre kom regnet etter kvart. Leif tok flotte bilete som du kan sjå her.


Kven er det som prøver å bryte ned kalesja på denne fine, gamle Triumph Heralden, tru?
 
Sandane Grand Prix 2011
Publisert 15. august 2011
21 august er det Sandane Grand Prix. Oppmøte kl.11, løpet startar kl,12.
Utvikdagane 2011 - og litt til!
Publisert 15. august 2011
Leif Refvik, Anfinn Haugland, Jan Are Liseth og Odd Kjetil Liseth har vore i Utvikja på treff. Leif tok bilete som du kan sjå i webalbum her. Vi har og tatt med to bilete av eit gamalt vidunder som Leif har jobba med og akkurat prøvekøyrt for første gong, saman med eit Opel Kapitän-prosjekt som nok ikkje vil vere på vegane med det aller første...
 
Mjøsmarkedet 2011
Publisert 10. august 2011
Leif Refvik, Per Bergheim, Reidar Sandvik og Odd Svendsen var på Mjøsmarkedet på Birkebeiner stadion sist laurdag.
 
Flåklypa 2011
Publisert 10. juni 2011
Så har vi lagt årets Flåklypa Grand Prix bak oss. Leif har sendt oss flotte bilete som du kan sjå i eige webalbum her. Klikk på småbileta i albumet for å sjå dei i full storleik. Takk til Leif!
 
Mainytt
Publisert 09. mai 2011
For øyeblikket er sommaren her med godt over 20 grader i skuggen. Måtte det berre vare! Eg har gått gjennom medlemslista og oppdatert med nye medlemmer som har kome til siste tida. Eg ber alle sjekke at det som står der er korrekt. Medlemslista kan du mellom anna bruke for å få rabatt på BilXtra Eid.
Er du ute etter ein klassisk, amerikansk veteran til overkomeleg pris? Leif Refvik sel bilen på biletet til høgre (Mustang '66) for 90 000 blanke kroner. Du finn kontaktinfo på medlemslista.
 
Påskenytt
Publisert 21. april 2011
Medan vi ventar på at vårsola skal blenke i bakkane, har vi gleda av å ynskje to nye medlemmer velkomne i klubben vår. Det er Svein Magnar Nes som bur på Midthjell og Ove Kristen Hafsås som er busett på Hamar. Svein Magnar har personbil, medan Ove Kristen driv med både personbil, buss, motorsykkel og moped.
I går starta eg forresten opp Norton'en "The Old Lady" for første gong i år. Motoren starta på første trakk som han pleier - i same augeblikk som det tok til å regne - som det pleier... Så då var det berre å køyre doningen inn i garasjen att...
Vi ynskjer alle som er innom sida vår ei retteleg god påske!
Kva skjer  i nærområdet?
Publisert 05. april 2011
Nedanfor finn du eit oversyn over arrangement som ikkje ligg så veldig langt unna Nordfjord:
Dato Arrangement Stad Lenke
1. mai Vårmønstring Fosnavåg Lenke
8. mai Veterantreff Florø Lenke
27. mai Sunnmørstreffet Ørsta  
28. mai Flåklypa Grand Prix Lom Lenke
3. juni Motorfestival Stryn Lenke
12. juni Nasjonal motordag    
18. juni Firdaløpet Førde Lenke
  Solsikkedagane   Lenke

Skulle vi prøve å skipe til eit eller anna lokalt for å feire Nasjonal Motordag? Ta med deg tankar om dette på Saga!
 

Vinternytt
Publisert 29. mars 2011
Medan snøen dett ned her i Myklebuståsen, får eg gladmelding frå klubbleiaren om at det har kome til heile tre nye medlem sidan sist. Det er Oddvin Navelsaker frå Navelsaker, Joakim Haus Brekke som bur på Haus og Kåre Sandvik som kjem frå Stryn. Velkomne!
Vi har lagt ut nye bilete av bilane til Joakim Haus Brekke, Knut Inge Bjørneset, Kåre Sandvik, Bjørn Tore Haugen og Kolbein Ytrehus. Og vårt assosierte medlem i Kina Ulf Sonnevelt har sent oss bilete av det nye DAF-prosjektet sitt. Etter skilta å døme, er nok Ulf innom Gamlelandet innimellom...

Leif tok bilete medan trappeoppgangen var under oppussing. Sjå bileta her. No meiner eg at heimesida vår er ajour med medlemmer og bilete. Er det nokon som saknar noko, så gi meg beskjed! Karen til høgre her er den nye kasseraren vår, Odd Kjetil Liseth.
"Vårnytt"
Publisert 24. mars 2011
Vår?
Jammen sa eg smør. Regnveret tidlegare i veka var vel i og for seg OK. Det er godt for oss veterankøyrarane at dei enorme mengdene med salt vert vaska vekk frå vegane før vi rullar ut dei kjære, motorhistoriske køyretøya våre. Men no i kveld har vergudane velsigna oss med enno meir snø, så det er vel best å halde veteranane inne i stallen nokre dagar til.
Det er gledeleg å kunne ønske to nye medlemmer velkomne til klubben vår! Det er Jan Are Liseth som bur på Midthjell og Knut Inge Bjørneset som bur på Eid.

 
Nye bilete
Publisert 23. januar 2011
Pål-Magne Vedvik har sendt oss flotte bilete av veteranane sine. Du kan sjå dei om du klikkar på biletet til høgre. Takk skal du ha!

 
Ryddesjau på Saga!
Publisert 19. januar 2011
I kveld møttest ein fin gjeng veteraninteresserte på Saga for å starte på ei rimeleg håplaus oppgåve: Rydde det framtidige møterommet vårt. Svein stilte tilhengaren sin til rådvelde, men det tok diverre ikkje så lang tid før han var full. Hengaren alså. Det er ikkje nokon liten hengar heller... Leivdalen neste!
Det meste vart sortert, mykje vart kasta, men enno er det meir att. Likevel: Draumen om eit stort møterom (67 kvadrat) synest meir realistisk no enn nokon gong før. Styret for Saga vil rette ei stor takk til alle som stilte opp og gjorde ein innsats!
Og vevmeister gjekk rundt og dokumenterte prosessen etter beste evne - både ryddinga og kaffipausen. Dette ser lovande ut! Klikk på biletet av det vandrande toalettet til venstre og sjå sjølv!
Ford 1931
Publisert 15. januar 2011
I dag har vi gleda av å vise fram ein av veteranbilane til Idar Sølvberg. Bilen er frå 1931 og - ikkje veldig overraskande - av typen Ford. Klikk på biletet til høgre for å sjå Idar si bilside!!
Først av alt: Godt, nytt  motorhistorisk år!
Publisert 12. januar 2011
Onsdagsmøta er i ferd med å ta seg opp igjen. Dei to første møtekveldane dette nye året har det vore stinn brakke på Saga. Onsdag 19. januar møtest alle medlemmar som kan krype og gå på Saga i 18-tida, ta med arbeids-hanskar og kjeledress. Her skal det ryddast!
Per Helge Haugen har vitja Odd Svendsen (biletet) på Sandane. Odd leita fram både det eine og det andre og Per Helge knipsa bilete i vilden sky. Derfor har vi gleda av å presentere Odd Svendsen sitt webalbum her! NB: Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik!
Adventsnytt
Publisert 07. desember 2010
Først av alt: Velkomen til Håkon Endal som har meldt seg inn i klubben vår! Håkon kjem frå Åheim og du kan sjå både bil og prosjekt her. Så er det kome på plass bilete av fleire bilar som Odd Kjetil Liseth eig, både lange og høge for å seie det slik. Sjå bileta her. Leif har og stadig prosjekt på gang. Han har sendt oss nye bilete av Pontiac '48-modell-prosjektet sitt. Desse kan du sjå her. Og så lar vi Håkon vise fram bilen sin her sidan han er rykande ferskt medlem; Caddilac 1972-modell.

 
Årsmøte NMK
Publisert 05. desember 2010
På årsmøtet 17. november vart Leif Refvik vald til leiar for klubben si utadretta verksemd og Hans Roger Starheim vart vald til nestleiar. Elles var det attval i dei andre styreverva. Svein Strøm er leiar for styret i "Saga Holding", klubben sin driftsorganisasjon for klubblokalet vårt på Langeland.
Ny møtetid for onsdagsmøta på saga er kl 18:00.
Det kjem bilete av nye bilar og prosjekt her med det aller første!

 
Solsikkedagane
Publisert 30. august 2010
Denne helga vart Solsikkedagane arrangerte på Fiskå. 6 ekvipasjar frå Eid tok turen, 4 av desse tilhøyrer NMK sine medlemmer. Av desse 4 kom Leif og Per Kåre heimatt med høvesvis 2.- og 3.-premie. Gratulerer! I alt var det 43 køyredoningar som deltok. Leif melder at han fekk halve bilen gruslagt etter at føraren av bilen framføre han gjorde ein aldri så liten aksellerasjonstest. Sjå fleire bilete her. Sjå også www.solsikkedagane.no Takk til Leif og Arne for flotte bilete!

Foto: Arne Hjelle Strand, NMK
 
Naboen har fått nye heimesider
Publisert 24. august 2010
Sunnfjord Veteranvogn Klubb si heimeside har fått ny adresse; www.smieposten.net. Vevmeister ynskjer oss velkommen innom
:)
NMK gratulerer "Naboen" med dei nye heimesidene!
 
Bilete
Publisert 24. august 2010
I kveld har eg lagt ut fleire bilete av Mustangen på Nes og Peugeoten under. Eg vil veldig gjerne at medlemene sender inn minst så  mange bilete av veteranane sine som det du finn av Mustangen. Send så store bilete som råd på epost til Vevmeister ;-)

 
Dagar
Publisert 20. august 2010
Vi minner om at det er Sandanedagar denne helga med Grand Prix for veteranar søndag og Solsikkedagar neste helg.

 
Peugeot 403
Oppdatert 24. august
Er det nokon som har lyst til å overta ein Peugeot 403, modell ca. 1954-1956? Karosseriet er i dårleg forfatning, men motoren ser ut til å kunne bergast. Interessert? Ta kontakt med Arne Nes! Fleire bilete finn du her.
På garasjebesøk
Oppdatert 24. august
Svein og vevmeister tok turen innom Nils Kåre Nes og familie i går for å sjå kva som var i garasjen. Her fann vi mellom anna denne flotte 1965-modellen Ford Mustang V298. Juniorsjefen tok vogna på vegen med stor glede - og vi tok bilete... (Fleire bilete her!)
Leif og Svein på Birimarknaden
Publisert 20. august 2010
Leif og Svein tok turen til Biri og såg på både det eine og det andre. Leif tok flotte bilete som han gjerne deler med andre. Du kan sjå bileta her. Takk skal du ha! Flott å sjå på dette for oss som ikkje var der sjølve!

 

Litt sommarnytt
Publisert 27. juli 2010
Leif har sendt melding om at Pål Magne Vedvik har meldt seg inn i klubben vår. Velkomen skal du vere! Fint om du sender inn bilete av motorhistoriske køyretøy som du eig, slikt er alltid interessant å sjå på! Send til nils.ola@frisurf.no 
I føljetongen om Norton'en min kan eg opplyse følgande: Sist laurdag var det planen å lufte sykkelen under Malakoff-festivalen, men slik gjekk det sjølvsagt ikkje. Også denne gongen viste feilen seg å ligge i ein av tennpluggane. Dette fann eg sjølvsagt ut dagen etter at festivalen var over. No går sykkelen som han skal - på minst 40 år gamle Champion-pluggar av feil type...
Og så ein liten konkurranse: Kva er det vi ser nedunder? Eg knipsa biletet i Polen i sommar.

 
Veteranar i solskinet
Publisert 24. juni 2010
Leif har sendt oss to bilete der NMK sine medlemar luftar veteranane sine i nærmiljøet. Med desse bileta ynskjer vevmeister alle NMK sine medlemar ein riktig fin veteransommar!


 

Ny MB!
Publisert 09. juni 2010
Oddvar Myrold har sendt oss bilete av Mercedsen sin, ein 450 slc 1978 modell. Du finn eit stort bilete av bilen under "Medlemsinfo".
Andre morosame saker: Vevmeister dro igang Nortonen sist søndag. Sykkelen starta som vanleg på første spark - ikkje verst av ein som akkurat har runda 67 år! Men idag? Ikkje eitt nys :-( (Så då vart det ein kveldstur på Honda CB 750 i staden. Kjekt det og, men det er trass alt noko heilt anna..................) Få veteranane ut i solskinet!

Reduserte prisar på veteran Amcars!
Publisert 18. mai 2010
Sjå marknadssida!

 
Køyr med stil - i veteranbil!
Publisert 16. april 2010
Jarle Leite leiger ut seg sjølv med veteranbil dersom nokon vil køyrast til ei eller anna festeleg tilstelling. Du finn bilete av bilane hans og kontaktinfo under "Medlemsinfo". Det må då etter kvart vere fleire slike bilar på marknaden i Nordfjord? Ta kontakt! Eller må kvar einskild utfordrast?

 
Nye bilete - gamle bilar
Publisert 16. april 2010
Jarle Leite
har sendt inn massevis av bilete av bilane sine. Desse kan du sjå i eige webalbum under "Medlemsinfo" eller du kan klikke her. Fint om fleire sender inn bilete slik at folk rundtom i verda kan få sjå kva vi har av køyretøy! OBS! Klikk på bileta for å få dei større! Så når du har fått blese høystøvet av veteranen din og polert han opp for sesongen: Gjer som Jarle!

  
Rabattavtale med BilXtra Eid!
Publisert 30. mars 2010
NMK har inngått rabattavtale med den nye BilXtra-butikken som er under etablering på Eid. Dei vil gjerne ha litt blest om opninga 3. mai og vil gjerne ha nokre utstilte veteranvogner ved butikken denne dagen. Dei som vil og har høve til å stille opp, må ta kontakt med Leif.

  
Diverse nyhende
Publisert 28. mars 2010
Tre "nye" bilar er lagde ut for sal, 2 stk. Pontiac og 1 stk Ford. Sjekk "Marknadsplass"! Dessutan har vi lagt ut nye bilete av gamle bilar, sjekk Anders Stenberg og Jarle Leite!
Vil du stø klubben vår med ein GRASROTANDEL eller to, har vi organisasjonsnummer 995 184 303.
Lyst til å køyre ein liten veterantur i påska? Møt opp på Saga onsdag ca kl 17så skal vi sjå kva vi får til!
Til sist: Vi har gått gjennom medlemslistene og sletta folk som ikkje har betalt medlemskontingent for 2010. Dei er kontakta og gjort merksame på at dei ikkje lenger kan ha Tennant-forsikring gjennom LMK.

  
Marknadsplassen
Publisert 23. mars 2010
Det har ikkje vore store omsetnaden på kjøps- og salssida vår. Ingen har bruk for MC-tank eller gode dekk, ingen vil selje Tempo MC. I dag prøver vi noko nytt og litt større: Mercedes 280E 1974-modell til sals! Med andre ord: Sjekk "Marknadsplassen"!

 
Litt frå styremøtet
Publisert 15. mars 2010
Kva må gjerast av dugnadsarbeid på Saga i vår? Kva lokale arrangement skal vi engasjere oss i til sommaren? Desse tinga vart grundig drøfta i styremøtet igår kveld. Styret held synfaring på Saga 14. april. Etter dette vert det sett opp dugnadsliste for kva som skal gjerast av kven og når. I vår vil vi prioritere utvendig vedlikehald og ferdiggjering av "MC-romet" til venstre innanfor inngangsdøra. Til dette treng vi dugnadsfolk som mellom anna kan rydde "skog", kle under raftene, byte takplater, pusse mur, skifte glas, beise, ordne portane mot riksvegen og legge vassrøyr. Det hadde vore veldig fint om dei som kan tenke seg å gjere ein innsats på eigedomen vår sender ein epost eller SMS til Hans Roger. Mobil 907 22 928, epost hr.starheim@hotmail.com .

Når det gjeld deltaking i lokale arrangement, kan ynskje sendast til Leif. Mobil 957 55 112, epost leikaare@online.no

Innimellom får klubben førespurnad om å leige ut veterankøyretøy med førar til bryllup, jubileum, konsertar og andre festlege anledningar. For å ha noko å vise dei interesserte, vil vi gjerne at dei som kan tenke seg å stille seg sjølv og veteranen til disposisjon for slike oppdrag sender ein epost eller SMS til Nils Ola som legg dette ut på sidene med bilete av bil og det heile. Mobil 977 16 622, epost nils.ola@online.no .

 
Diverse nytt
Publisert 13. mars 2010
I dag har eg lagt ut bilete av Ketil Langlo sine bilar, sjå lenke under "Medlemsinfo". Bilen til høgre er ein av Ketil sine. Og så har eg korrigert årsmodellen til ein av Kolbein sine bilar. Har også laga eit nytt menypunkt for vennskapsklubbar som vi har utveksla lenker med.
Buicken til Arve Hafsås har eiga heimeside som du kan sjå her

Søndag 14. er det styremøte kl 20:00 på Noregsglaset Bjørlo.
 

Retro Rally 2010
Publisert 9. mars 2010
Vi har fått innbyding til å delta i Retro Rally 2010. Løpet startar og endar i Budapest i Ungarn, går over 15 dagar, gjennom 12 land og er på 7 500 km. Sjekk ut heimesida som er både på ungarsk og engelsk. Her er lenke til den engelske utgåva ;-)

 
Diverse merkedagar på primstaven
Publisert 9. mars 2010
For dei som ikkje vil nytte dagen til å gå i tog, er det Amcartreff i Fosnavåg 1. mai. Vidare er det Amcartreff i Svelgen 4.-6. juni. Så går Sunnmørstreffet av stabelen 21.-23. juni og for dei som vil på Solsikkedagane på Fiskå er det treff laurdag 28. august. Dette finn du meir om på dersom du klikkar på biletet til høgre eller stikk innom www.solsikkedagane.no.

 
Sandane Grand Prix og anna nytt
Publisert 8. mars 2010
Då har vi gleda av å opplyse at Sandane Grand Prix går av stabelen 22. august kl. 11:00. Det ville vere urtuleg bra om det strøymde på med veteranar frå NMK, så set av denne dagen allereie no!
Vi har fått organisasjonsnummer, noko som mellom anna betyr at vi kan og skal kjøpe oss eit litt mindre kryptisk domene til heimesida vår slik at folk finn oss.Leif har hatt ny kontakt med Ulf Sonnevelt som bur i Kina. Han har forskjellige tohjulingar som du kan sjå her

Ei ny bok for "veteraninteresserte" kjem på marknaden i mars. Ho heiter "Motorsager i Norge" og er skrive av Arnulf Jensen. Vil du tinge boka, kan Hans Roger eller eg formidle kontakt til forfattaren.
Til sist vil eg beklage at det har gått ei tid sidan sist desse sidene vart oppdaterte. Dette skuldast mangel på overskot då eg i jobbsamanheng streifar Fjordfylket både på langs og på tvers i mars og april...

Publisert 16. februar 2010
Då har eg oppdatert diverse medlemsinfo med telefonnummer og epostar og fått inn bilete av nokre av bilane til Per Bergheim, Per Navelsaker og Arne Jørnbert. Desse finn du under "Medlemsinfo". Elles har vi mottatt helsing frå Ulf Sonnevelt som du kan sjå her.

 
Publisert 07. februar 2010
Per M. Navelsaker har meldt seg inn i klubben vår. han har ein Pontiac Grand Ville Convertible 1974. Velkommen! Eg har flytta litt på Hans Roger sine bilete og lagt ut nye bilete av Kawa-prosjektet hans som Leif driv og lakkar på.

 
Publisert 30. januar 2010
Velkomen som nytt medlem Kolbein Ytrehus! Han har MB 280E og MB 250 som du kan sjå bileter av under "Medlemsinfo". Hallgeir Askeland sine køyretøy finn du og bilete av her, saman med Hans Roger sin Honda. Elles har eg "strekt" sida nedover.
På treff i sommar? Dei som er interesserte i hotrod må sjekke
www.turnpikerodders.com. Norway NATS går av stabelen helga 11 - 13 Juni 2010 på Røros. Og så har vi fått innbyding til Norgesløper 2010 på Voss. Info om dette finn du her.
 
Vi har runda 50!
Publisert 26. januar 2010
No har eg gjort svært store endringar i oppbygging av sidestrukturen. Det skulle undre meg om alt verkar som det skal, derfor: "Sei ifrå" som Vegvesenet seier... Eg har dessutan endra menyane og laga ein liten animasjon av eit utval køyretøy oppe til høgre på sida. Og så ynskjer vi Robin Haugland velkomen som nytt medlem! Og no trur eg vi er ajour også, med meir enn 50 medlemmer!

 
Fleire medlemmer + +
Publisert 25. januar 2010
Vi har fått inn bilete av Inge Jan sin Buick 1958 og nokre fleire av Svein sine bilar. Sjekk med- lemslista, både køyretøy og prosjekt vert etter kvart lenka direkte frå denne.
Og så har vi gleda av å ynskje to nye medlemmer velkomne i klubben vår! Det er Jarle Leite som har 1964 Volvo Amazon 2 dørs B18, 1970 Lincoln Continental 4 dørs ht 460 cid, 1977 Chrysler Cordoba 2 dørs ht 400 cid og Hallgeir Askeland som har 1970 Opel Kadett 2 dørs 1,1 liter og 1979 Tempo corvett 380.
Fint om også de som er nye stikk innom Saga ein onsdag når det høver etter kl. 17 og helsar på!
 


Inge Jan sin Buick 1958

 
Nye medlemmer og bilete
Publisert 19. januar 2010
På grunn av skiskyttarsesongen ligg vevmeister diverre noko på etterskot... Velkomen til to nye medlemmer, Ketil Langlo og Oddvar Myrold. Oddvar har ein 1978-modell Mercedes 450 SLC, medan Ketil har 1966 vw type 1 folkevogn, 1967 volvo amazon 2 dørs, 1971 vw type 181 og 1975 vw golf mk1. Han har elles interesse for "gammelt som brummer og bråker" som han sjølv seier. Dette er eit godt utgangspunkt! Elles har eg laga eigne sider for Jan Ole, Reidar, Frode og nokre av Svein sine bilar. Elles er det nye gamle ting på Marknadsplassen og eg har sett motor på sagbladet vårt. Vonar dette fall i smak!
  


Jan Ole sin Morris Mini

     
  Nye bilete og medlemmer!
Publisert 12. januar 2010
Vårt nyaste medlem Sten har sendt oss bilete av køyretøya sine. Webmaster legg til for eiga rekning: Endeleg eit bilete av ein tohjuling! Og tre Amcarar! Sjå Sten si side her. Takk skal du ha, Sten!

 
Og så har eg heldigvis fått tilsendt eitpar bilete av bilane til Knut B. som får si eiga side her
Til sist vil eg ynskje Jan Ole Haus og Anders Stenberg velkomne i klubben vår!  Dette ser lovande ut for nyrekrutteringa vår!
 
Nye medlemmer
Publisert 09. januar 2010
Medan webmaster sat og ajourførte medlemslista med telefonnummer og epostadresser i kveld, melde Sten Johnsen på Eid seg inn i klubben. Sten har både veteranbil og moped. Odd Kjetil Liseth i Kjølsdalen melde seg inn like før jul, han køyrer Amcar. Og så har Jan Roger Solibakke i Kjølsdalen meldt seg inn. Velkomne i Nordfjord Motorhistorisk Klubb alle tre!!
Og hugs: Det KJEM meldingar inn i gjesteboka og, følg med!
 
  Det strøymer inn bilete!
Publisert 09. januar 2010
Noja, strøymer er vel kanskje ikkje rette uttrykket, men både Arve Per og Leif har sendt inn bilete av Arve Per sin Buick Roadmaster Convertible 1947 modell. Bileta er tatt ulike stader i Nordfjord. Arve Per får med dette den første, heile bilsida vår, sjå ho her! Webmaster skal gjerne lage ei side til kvar av medlemmane dersom de held fram med å sende inn bilete ;-)
Smånytt
Publisert 07. januar 2010
I dag har vi lagt ut bilete av eit av Leif sine prosjekt, ein norsk Pontiac frå 1948. Sjekk Prosjekt i menyen! Vi har og etablert sida "Marknadsplass" der medlemmane i NMK kostnadsfritt kan melde saker og ting inn for kjøp eller sal. Det er ein føresetnad for marknadsplassen at webmaster straks får melding om at ting er kjøpte/selde slik at annonsene kan slettast med ein gong dei ikkje lenger er aktuelle. Bruk epostadressa nedanfor til annonser!
Fint om de sender meg telefonnummer og epostadresser for å komplettere medlemslista. Bruk
nils.ola@frisurf.no.
 
Medlemsliste
Publisert 06. januar 2010
Oversyn over klubben sine medlemmer er no lagt ut i eige menypunkt. Dersom nokon reserverer seg mot slik publisering så ta kontakt med webmaster nils.ola@frisurf.no. Klubbstyret oppmodar alle om å verve nye medlem til klubben!

 
Vi kjøper tomta!
Publisert 06. januar 2010
Ekstraordinært årsmøte vedtok i kveld samrøystes å kjøpe tomta til Saga. Styret får fullmakt til å gjennomføre kjøpet.

 
Smånytt
Publisert 06. desember 2009
Medlemmer i dei ulike styra er oppdatert, menypunkt "Bilar" har fått innhald og menypunkt "Prosjekt" er oppretta.
 
Årsmøte 2009
Publisert 05. desember 2009
Søndag 15. november vart det avhelde årsmøte i NMK. Årsmelding, rekneskap og val vart vedtatt samrøystes. Hans Roger Starheim vart ny leiar, Leif Refvik ny nestleiar og Per Bergheim nytt styremedlem. Reidar Sandvik og Arne Hjelle Strand held fram som høvesvis kasserar og sekretær. Styret for Saga skal leiast av Svein Strøm. Saman med seg har han leiaren i klubben og Nils Ola Strand. Anfinn Haugland vart attvald som forsikringskontakt med møterett i styremøte.
Mogleg kjøp av tomta som Saga står på vart drøfta, saman med ulike vis å finansiere eit eventuelt kjøp på. Dette skal styret sjå nærmare på i tida som kjem og eventuelt legge ei tilråding fram for ekstraordinært årsmøte for avgjerd. Vi vart og samde om å prøve å bygge opp oversyn over medlemane sine køyretøy og restaureringsprosjekt.

Årsmøtet 2009 fann stad i trivelege lokale hos Norgesvinduet Bjørlo.
 
Kulturnatt Nordfjord
Publisert 15. november 2009
Dette vart ein triveleg kveld med mykje god marknadsføring av klubben vår. Vi hadde trykt opp ein enkel foldar med info om det NMK driv med og korleis det er råd å kome i kontakt med oss. Vi fekk faktisk delt ut nokre eksemplar av dei og!
Utanfor Operahuset trona Chevrolet'en til Anfinn, inne hadde Odd, Arne og Nils Ola stilt ut 4 stk. 2-hjulingar. Både Fjordabladet, Fjordenes Tidende og Nordfjord Nærradio stakk bortom oss og slo av ein motorhistorisk prat.
Fleire unge nytta høvet til å la seg avbilde med "Basse Hveem"-hjelm på gamal sykkel, medan seniordansar Martin Lindvik vart svært nostalgisk: Han ville ikkje forlate åstaden før han fekk lovnad om å få køyre Nils Ola sin gamle Norton når asfalten vert tørr igjen på vårparten...
Sjølv om to av syklane markerte revir ved å legge att ein og annan oljeflekk på skifergolvet, vart dette ein retteleg fin kveld. Til høgre har unge Per Henden Rand funne seg vel til rette!
 
     
Kulturnatt Nordfjord fredag 13. november
Publisert 11. november 2009
Fredag 13. november er Nordfjord Motorhistorisk Klubb invitert til å syne fram gamle køyretøy i og kring Operahuset på Nordfjordeid. Planen er å stille ut ein motorsykkel og ein moped inne med ein enkel stand. Kva som vert å sjå på marmorplassen utanfor Operahuset er ikkje godt å seie, men medlemmene vert med dette oppmoda til å møte med veteranbilar i 16:00 -16:30-tida. Så får vi sjå om vi kan vekke så mykje interesse at det kan verte eit nytt medlem eller tre i klubben vår. Det er berre å lade batteria, folkens!
 
Årsmøte
Publisert 07. november 2009
Styret har kalla inn til årsmøte kl. 16:00 søndag 15. november på kantina, Bjørlo Trevare. Saklista er sendt alle medlemmer. Andre saker som ein ynskjer å ta opp på årsmøtet sendast snarast til Nordfjord Motorhistoriske Klubb, Boks 218, 6771 Nordfjordeid.
 
Veterantur med Fornyingsministeren
Publisert 14. oktober 2009

 

Det er ikkje kvar dag vi kan sole oss i glansen av ein vaskekte minister bak på "sukkerbeten"! 
Men i haust hende det alså. Fornyingsminister Heidi Grande Røys hadde lagt turen innom Eid under innspurten i valkampen og Nils Ola var ikkje verre enn at han inviterte ministeren på ein liten veterantur gjennom gatene i Eid.
Det er ikkje aldeles beinkløyvd å køyre slike gamle maskiner, men det vart no ein liten tur. Verst var det då vi svinga inn på Lotevegen frå Eidsgata ved kyrkja. Der vassflaug augene mine noko aldeles forferdeleg, samstundes som begge hendene var i bruk for å halde sykkelen på vegen. Så situasjonen vart litt stressa. Eg må berre beklage at eg kom i skade for å irriterte føraren av ein stor, mørk bil i dette krysset. Eg skjønar godt at han brukte fløyta, eg hadde gjort det same dersom eg hadde møtt ein eldre mann på veteransykkel som ikkje overheldt vikeplikta. Men resten av turen gjekk greit!
 

Invitasjon til veterantreff på Fiskå
Publisert 15. august 2009
Vi har mottatt ein hyggeleg invitasjon som vi med glede gjengir her:
Hei, ønsker å invitere dere til vårt amcar/veteranbiltreff som går av stabelen lørdag 22.august. Utstillinga varer frå 12.00-17.00, men festen fortsetter til langt på natt...
Treffet var i starten eit lite lokaltreff (ca. 25 biler i 2007 og 40 biler i 2008), men vi satser på govær og lokker med gratis camping, vi slår og av en 50-lapp på dansebiletten for dei som kjem med amcar/veteranbil. (Biletter selges i innsjekken og gjeld til dansen med kokken tor og kruttrøyk
Treffplassen vert kombinert med eit mc-treff/camp og HOG (Harley Owners Group) er en av gruppene som er inviterte. Det er og satt opp nattferge kl 03.00 frå Koparnes-Årvik natt til søndag for dei som vil heim etter dansen.
For meir info om solsikkedagane kan du gå inn på
www.solsikkedagane.no det er og berre å ringe meg på tlf 995 99 257 om det er andre spørsmål angående treffet.
Mvh Odd Arne Kvalsvik

Smånytt frå NMK
Publisert 02. mars 2009

Periodisk kontroll
I fjor fekk vi kontroll på det elektriske anlegget på Saga. Vi har arbeidd lenge med å sette anlegget i forskriftsmessig stand. Etter kvart viste det seg at det var langt fleire feil enn det som var påpeika i kontrollrapporten som måtte utbetrast. Arbeidet vart fullført 27. februar og dette er rapportert inn til nettselskapet. No er endeleg alt som det skal vere, i tillegg er det montert nye stikkontaktar på fleire stader i bilhallen.

Frode Naustdal har fått nytt telefonnummer: 976 83 780. Vi oppmodar alle om å endre dette i adressebøkene sine snarast.

Vårteikn?
Då sola skein og det var tørr asfalt for ein liten månad sidan, sette webmaster nye pluggar og nytt batteri i CB 750'en. Monsteret vart starta og køyrt omlag 100 meter før eg konstaterte at dette muligens var litt i tidlegaste laget... HUTTETU!!!

 
Publisert 29. desember 2008

Eg vil ynskje alle NMK sine medlemmer og deira familiar ei retteleg god jul! Samstundes vil eg ynskje dykk alle eit godt nytt motorhistorisk år!

Beste helsing Frode Naustdal
-leiar NMK-
 
Årsmøte 2008
Publisert 09. november 2008

Inge-Jan Dalseth, Odd Svendsen, Arne Hjelle Strand, Svein Strøm, Frode Naustdal, Knut B. Hjelle, Reidar Sandvik, Anfinn Haugland og underteikna møtte opp!
9. november vart det avhelde årsmøte på Bryggen Hotell. 9 medlemar møtte opp. Årsmelding og rekneskap vart godkjende og sitjande styre vart attvald med akklamasjon. Vidare vedok årsmøtet å skipe til Nordfjordløpet 2009 på Sandane i nært samarbeid med Odd Svendsen. Styret for Saga vart også gjenoppliva. Årsmøtet valde Svein Strøm, Frode Naustdal og Nils Ola Strand til å sitje i dette styret. Elles ynskte årsmøtet at det vart arrangert til ein tur eller to med overnatting neste sommar, gjerne til Sogn.
 
Innkalling til årsmøte
Publisert 24. oktober 2008

Tid: Søndag 9. november
kl 18:00
Stad: Bryggen Hotell, Nordfjordeid

Sjå sakliste i høgre kolonne.

Andre saker som ein ynskjer å ta opp på årsmøtet sendast snarast til:
Nordfjord Motorhistorisk Klubb
Boks 218
6770 Nordfjordeid

Sakliste
  1. Val av møteleiar
  2. Årsmelding
  3. Revidert rekneskap
  4. Medlemskontingent
  5. Val
  6. Innkomne saker

Velkomen!

Med helsing Frode Naustdal

 
Sandane Grand Prix 2008
Publisert 18. august 2008
17. august gjekk Sandane Grand Prix av stabelen. Det var mykje fint å sjå, NMK stilte med 5 kjøretøy. Og som salig Jakob Sande sa ein gong for lenge sidan: Beina kom heile heim. I alle fall webmaster sine. Men ikkje motorsykkelen... Les meir!

 
Veterantur til Bjørkedalen
Publisert 18. august 2008

Svein har sendt oss rapport om og bilete frå ein flott tur til Bjørkedalen. Les meir!
 
På vegen igjen!
Publisert 15. juli 2008
Då er Svein sin jeep på vegen igjen etter total motoroverhaling som mellom anna omfattar cylinderboring, linjeboring, brysame clutch-fjører osb... Gratulerer, Svein!
 
Publisert 23. mai 2008
Vi har hatt feil mobilnummer til Frode på sidene våre! Rett nummer er 971 69 074!

Beklageleg vis har Frode vore oppført med feil nummer på sidene våre. Dette har desverre medført ubehag for ein person i Stavangerområdet, noko webmaster er svært lei for. Har du lagra feil nummer på mobilen din? Ver så snill å sjekke dette!
 
Ferske bilete frå NMK på tur
Publisert 18. mai 2008
Helga 2.-4. mai var mange frå NMK på vårtur til Hotel Union Geiranger. Frode tok bilete på turen, du kan sjå dei her. Arne og webmaster derimot var på Ekebergmarknaden i Oslo denne helga og Arne tok massevis av bilete. Her kan du sjå dei! Arne og Frode tok også bilete frå den korte vårturen 30. april. Desse bileta kan du sjå her. Tusen takk til fotografane! Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik!
 
NMK stiller ut på båtfestivalen!
Publisert 15. mai 2008

24.-25. mai er det båtfestival på Nordfjordeid. Klubben vår er invitert til å syne fram gamle køyredoningar. Kanskje kan vi verve nokre nye medlemmer og? Alle medlemmer vert med dette oppmoda om å stille opp! Ta kontakt med Frode på mobil 971 69 074 eller epost frodenaust@yahoo.no . Programmet for festivalen finn du her.
 
Rask vårtur
Publisert 01. mai 2008

I går var det tydeleg at våren var komen! I 5-tida samla det seg etter kvart eit bra utval med gamle transportmiddel på Saga. Knut B. kom i Volvo PV, Anfinn i Chevrolet, Frode i Thunderbird for å nemne firehjulingane. Etter kvart dukka det også opp eit par nye fjes og bilar frå Amcar-miljøet. Arne lufta Corvetten sin og webmaster konstaterte at clutchen framleis verka på Norton'en - etter to merkelege cluch-havari den siste tida. Og Svein slo fast at bakhjula på Vauxhallen måtte av, trommelbremsene sto blegg fast...
Etter dette foreslo Frode at dei som hadde lyst til det kunne køyre eit lite cruise kringom i Eid. Dei fleste hang seg på. Kvelden vart avslutta med frivilleg kaffi i det fri på Esso. Takk for ein flott vårkveld alle saman!

Frode kom i Thunderbird...
 
Gjestebok
Publisert 27. februar 2008

Alle heimesider bør ha ei gjestebok der dei som vitjar sida kan legge igjen meldingar til andre som er innom. Eg har laga ei slik idag. Du finn ho nede i menyen til venstre. Velkommen til å skrive i gjesteboka vår!
Every homesite should have a guestbook where visitors may leave messages to other visitors. You'll find our guestbook in the menu to the left. Feel welcome to use it!
Nils Ola - webmaster
 
Publisert 25. februar 2008
Nytt webalbum lagt ut idag, denne gongen frå Saabmuseet i Trollhättan. Velkommen til ein liten tur her!
 
Webalbum
Publisert 04. februar 2008

Medlemmane i NMK har sikkert sett og tatt bilete av store mengder uvanlege kjøretøy. Send bileta til meg så lagar eg webalbum slik at minna kan delast med andre! Eg opnar ballet med å legge ut eigne bilete frå ei vitjing sist sommar ved Visby Bilmuseum på Gotland. Dei hadde ikkje berre bilar, nei! Velkomen til det første webalbumet vårt! Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik!
 
Veterantur til Geiranger
Publisert 31. januar 2008

Frode har innhenta tilbod frå Hotel Union i Geiranger. Han gjer framlegg om at vi tar ein veterantur dit helga 2-4 mai. Ta med ektefelle, sambuar eller venn! Her er det mykje å sjå, meir informasjon her. Sjekk også www.hotel-union.no 
Påmelding på epost eller telefon til Frode seinast 10. februar.
Vi kjem tilbake til reiserute etc. seinare.

 
Dessutan: Nokre få bilete er lagde ut på MC-sida. Har lagt direkte lenke til LMK si terminliste.
 
Fleire bilete!
Publisert 28. januar 2008
I dag er bilete frå "veterantur" til England lagde på nettet. Sjekk Fotogalleri! Og Mopedsida er påbegynt så vidt...
 
Heimesida er på lufta!
Publisert 21. januar 2008

Nordfjord Motorhistoriske Klubb er på nettet med eigne heimesider! Enno er det meste under planlegging, men sidene skal fyllast opp etter kvart - og vi er i gang!
 
Interesserte kan kontakte klubbleiar Frode Naustdal på frodenaust@yahoo.no 

Webmaster og design:Nils Ola Strand nils.ola@frisurf.no